Den nye Stord Vidaregåande skule byrjar visa godt att i grenselandet mellom Vabakkjen/Bandadalen/Studalen. Imponerande dimensjonert trevirke er brukt og deler av fløyane er kome under tak med tette vegger. I avdelingane som skal koma i enden mot Vikastemmo er førebels berre reisverket kome opp, og det har freista fykande vener i grannelaget til å ta nyeskulen i bruk. Her blitt undervisningsarena for speiding etter mat, og landing og teik åff på smal rullebane. Ser ut for at måkane har funne seg godt til rette og at dei helsar ny skule velkomen.