Frå Nedre Litlabø til Stuva pyntar nytt og breitt fortau langs Litlabøvegen. Og takk for det. Men med tanke på trafikktryggleiken ser det unekteleg rart ut at fortauet brått er slutt på innmark på Stuva. Den som har valt å gå trygt bak autovernet i retning mot Leirvik må kryssa fylkesvegen og balansera vidare på ei smal vegskulder.
– Har vegeigar Vestland fylke planar om å lenga fortauet nokre hundre meter mot gangvegen over Lønning?
– Direkte vedtak er førebels ikkje gjort, men i papira våre er vidare fortau både mot Lønning og Litlabø absolutt til stades. Første som må gjerast er å få på plass godkjent reguleringsplan, deretter kan det jobbast med finansiering. Det tek si tid. Men eg trur me kan sei såpass at det er «lys i tunnelen» for lengre fortau langs Litlabøvegen, seier prosjektleiar i fylket, John Nesse til stordront.no.