Representanten Inger Christin Hystad Barane (AP) har til Stord kommunestyre komande torsdag meldt følgjande interpellasjon:
– «Fleire andre kommunar og fylkeskommunar inkludert fylkestinget i Vestland gir leiar for ungdomsrådet taletid i sine møte, altså i kommunestyret og fylkesting. På denne måten vil ungdomsrådet kunne kommuniserer direkte med kommunestyret. Ungdomsrådet er eit rådgivande og medverkande råd inn mot kommunen og politisk styre. Som tidlegare ungdomsrådsleiar og leiar for vestland ungdomsutval har eg sjølv sett at direkte dialog er viktig for å informere om saker som gjeld ungdom. Eg vil difor fremja følgjande forslag: Stord ungdomsråd får inntil fem minutt taletid i alle møte i Stord kommunestyre.»