Laurdag 2. desember blir det «Jul på museet» i frå kl. 11:00 – 15:30.
Sunnhordland museum ønskjer å skape god gammaldags julestemning på Sunnhordlandstunet med ulike aktivitetar som passar for heile familien.
Tradisjonen tru har museet julepynta stover, kafé med bakst, steiking av museumslappar i Eldhuset, servering av varm gløgg og ulike aktivitetar i husa på tunet.
Sentralt i tilskipinga står juleverkstaden, der barn og vaksne kan lage julepynt eller julegåver saman med rettleiing frå Stord Husflidslag. I Ådlandsstovo blir det juleforteljing og i Hatlandsløo kan ein binde seg ein brakekrans (sjå meir info).
Billettprisar:
Vaksne: 100,- / Barn over 5 år: 50,- / Barn under 5 år: gratis
Juleforteljing, aktivitetar i juleverkstaden og gløgg på tunet inngår i billettprisen.
Kranselaging 50,- (her må ein reservere plass i Hatlandsløo, samt kjøpe materialpakke når ein kjem til tunet).
Billettar kan kjøpast på Sunnhordlandstunet og på ebillett.no.
PROGRAM:
- Juleverkstadar med Stord husflidlag:
– Julekort og gåvelappar
– Fleire stasjonar med julepyntlaging - Juleforteljing i Ådlandsstovo kl. 11:30, 12:15, 13:30
- Spikkeverkstad i Stolmastovo
- Smia er open for demonstrasjon ved Hans Andersen
- Lefsebaking med smaksprøve i Futastovo
- Nålefilting av julepynt med Ung Husflid, i Futastovo
- Kransebinding i Hatlandsløo (kvar halve time frå 11 til 15)
- Open museumskafé som serverer lappar, julebrød, kaffi og gløgg