Får att for Jensanesvegen etter 12 år

«Nye» Jensanesvegen er  fylkesveg, brei og fin. (Foto: Steinar Hystad)

I alt fort mange år var Jensanesvegen alt for smal, men så løyste floken seg i året 2011. Då vedtok Stord kommune å forskotter utviding og opprusting med lovnad om attendebetaling frå fylkeskommunen når «tida var inne». Det blir i år.

13. november mottok kommune  brev med melding om at  fylkeskassen har klar 15 millionar kroner til overføring, det er berre å senda fakturaen.

– Er dette pengar  Stord kommune  rekna med/har budsjettert med  i år, eller er det eit «pluss i kassen»?

– Dette er midlar som finansierer utlegg som Stord kommune har hatt tidlegare. Dette bidreg difor ikkje til noko pluss i driftsresultatet til kommunen. Kommunen inngjekk avtale med Fylkeskommunen 18.07.2011 og veit om midlane, som no blir refunderte, opplyser økonomisjef Marianne Heggholmen Aarbø  til stordront.no.