Å du gode gravenstein…

I dag gjorde eg det igjen:  – Delte gravensteinseplet i to på grammet like deler. Kvifor? Jo, av den gode grunn at gravensteinsepla i år har vore uvanlege steikande, knasande gode. Berre synet av dei grønraude fruktene har fått det til å sikla i munnvikane. Meirsmaken har vore så formidabel at eg straks etter å ha ete den første halvdelen, har kunna stetta trongen for ein ny runde med lett syrleg og sunn mat. Kunne sjølvsagt  ha ete heile eplet på ein gong, men då hadde eg liksom ikkje hatt meir meirsmak  å gleda meg til. Dette naturlegvis med utgangspunkt i at eitt eple om dagen «keeps  the doctor away». Og så rekk ein kilo gravenstein ekstra lenge ved bruk av delingsmetoden.

Alltid etne med  skall, og skronten ikkje minst. – Da e i skronten mest næring e å finna,den må du tyggja i deg, sa besto. Ho hadde poda apal i hagen med sju epleslag på.

For nokre eplehaustar sidan besøkte eg eit fruktlaget i Hardanger og kom i fruktbar prat med ein produsent. Eg okka meg  nokre sterke grann over at salslekkane jobba for gule og raude norske eple. (Vekk med dei kjende namn:   James Greve, Torstein, Granat, Prins med fleire)  Han var samd, og smilte lurt når eg sa at: – Di får kalla di ka di vil, berre eg får kjøpa norsk Gravenstein.

Samde var me også om – at når me var ferdige med eplemåltidet, skulle det berre vera ein liten ting att mellom  tommel og peikefinger: stilken. 

Steinar Hy(eplekjekk)