20 – 25. november er alle invitert til «Grøn veke» på SIM sine «Godt brukande» avdelingar. Det
vil denne veka vera mogeleg å finna ekstra fine saker til ekstra gode prisar. Dei tilsette har
nemleg i fleire veker samla opp saker og ting til den grøne veka, og dei er viljuge til å gje deg eit
godt tilbod om du spør.
– Kvifor arrangerer de ei slik veke?
– Av di me ynskjer å setja ekstra fokus på at ein kjøper meir brukte ting enn nye. Me opplever
stadig at folk kastar godt brukande gjenstandar. Og me opplever ei større interesse for brukt,
seier Rebekka Høgestøl, prosjektleiar for SIM si satsing på ombruk.
Ho legg til at SIM har «Godt brukande» avdeling ved alle sju miljøsentralane. Her kan du finne
eit variert utval av brukte, men godt brukande ting heile året, til heilt andre prisar enn om du
skulle kjøpt nytt.
Føl med på Facebook eller SIM si nettside
Dei ekstra fine sakene som er samla opp til den «Grøne veka» vil bli sett ut på utvalde dagar
denne veka. Dersom dei ikkje vert selde denne dagen, vert dei sjølvsagt å finne i våre «Godt
brukande»- avdelingar etter at veka er over.
– Sidan me har ulike opningstider i våre eigarkommunar vil det vera ulike dagar den grøne
veka vert markert. Kva tid det er «grøn dag» ved din miljøsentral i din kommune vil bli
annonsert på Facebook og på våre nettsider, Janne Hillersøy, plan- innkjøp og
kommunikasjonsansvarleg i SIM.
Ho legg til at i SIM vil ein no framover ha ekstra fokus på avfallsredding, der ein i større grad
aktivt vil oppmode kundar om å setje godt brukande gjenstandar inn på «Godt brukande» i
staden for å kaste den. Det kjem både miljøet, og lommeboka til dei som kjøper gjenstanden, til
gode.
I morgon, fredag 24. november, mellom klokka 9 og 15 blir den «Grøne veka» markert på miljøstasjonen på Heiane.