Går det som det store fleirtalet i Utval for byutvikling vil, blir ytterste betongdel av den kommunale kaien på Sørhuglo enno eitt år hengande etter armeringsjarnet. Det ser spøkje dårleg ut, og hamnestellet har sett opp skilt med forbod mot køyring for alle typar køyrety på kaien.
Kommunestyret har for lengst sagt ja til vøla, og prosjektet låg inne i neste års hamnebudsjett med løyving på 4,1 millionar kroner.
I kommunedirektøren sitt forslag til pengebruk komande året, vart løyvinga fjerna grunna andre preserande oppgåver.
Sidan politiske utsendingar til valmøte på Huglo i haust heldt oppe lovnad om kaivøla 2024, var det knytt spenning til behandling av hamnebudsjettet i utvalsmøtet torsdag sist veke.
Der gjorde representanten Tor Olav Blekenberg (SP) framlegg om ta inn att reperasjon av Tongaskjerskaien og ta ut ISPS terminal på Eldøyane. Ved røysting vart det 10 for kommunedirektøren sitt forslag – 1 for Blekenberg.
Endeleg vedtak kjem i kommunestyret.