Like sikkert som november kjem, like sikkert er det blitt at kommunale redningsstigar denne månaden blir strategisk utplasserte med tanke på kulde og høve til skeising på naturis.
– 18 stigar med tau enden er lagt ut på sine «faste» punkt ved Storavatnet, Ådlandsvatnet, Krokatjødno, Meatjødno, Tveitavatnet, Landåsvatnet, Hustrudalsvatnet, Vikastemmo . Lags dei største vatna er det fleire stigar, og når isen har lagt seg kan det vera lurt å merka seg kvar næraste redningsstig ligg, i tilfelle noko skulle skje, seier brannsjef Jan Over Anthun til stordront. Det er Stord brann og redning som har ansvaret for utlegging – og henting når det atter vårast.