– Ein skatt for bokelskarar og naturelskarar

«En vandrers testamente» (Pressefoto)

Boka En vandrers testamente er eit gjensyn frå vill natur og folk der ingen skulle tru at nokon kunne bu i fjellområda rundt Folgefonna og Åkrafjorden.

Fritjof M. Pedersen vart kjend for skildringane av folk og natur på vandringane sine i fjella rundt Åkrafjorden frå 60-talet og fram til 1990. Livet baud på utfordringar og mykje slit, men det gav også mange opplevingar i den strie kampen for tilværet og mot naturkreftene.

Fotograf Magne Langåker har brukt over eit år på å gå i fotspora til Fritjof M. Pedersen, og har no samla eit utval tekstane hans i ei ny bok rikt illustrert med bilde frå dette ville og vakre landskapet.

– Tekstane til Fritjof M. Pedersen har betydd mykje for både meg og mange andre med tilknyting til områda rundt Åkrafjorden. Målet mitt er at fleire skal bli glade i den flotte naturen rundt Åkrafjorden, seier Magne Langåker.

Særeigen posisjon

Dei fleste artiklane til Fritjof M. Pedersen har stått på trykk i Haugesunds Avis, men nokon også i Haugesund Dagblad og Bergens Tidende. Det er eit stort spenn i artiklane, frå svære skred og vill natur til kosestunder i støl og stover med varm kaffi og enkel kost eller medbrakt festmat.

Tidlegare Haugesunds Avis-redaktør Kristian Magnus Vikse meiner Fritjof M. Pedersen har ein heilt særeigen posisjon blant dei tidlegare skribentane til avisa.

– Hans emneval, hans forteljarevne og heilt spesielle og elegante stil gjorde at artiklane toler tid og alder og er bevaringsverdige. Fritjof M. Pedersens forfattarskap er ein skatt for bokelskarar og naturelskarar, slår han fast.

Kjærleik til fjellet

Fritjof M. Pedersen var fødd i Haugesund i 1916, i ein søskenflokk på 10, og der levde han heile sitt liv. Hans kjærleik til fjellet og vandring i naturen vart tend då han som 18-åring var på påsketur til Eikemo saman med ein kamerat i 1934. Spesielt områda på nordsida av Åkrafjorden og mot Folgefonna vart hans rike.

– I skildringane hans får me levande bilete av eit liv som baud på utfordringar og mykje slit, men som gav mange opplevingar, og som stundom vart ein stri kamp for tilværet og mot naturkreftene. Og desse naturskildringane viser også Pedersens store kunnskap om dyre- og planteliv i den fjellheimen han kjende så godt, fortel Kristian Magnus Vikse.

Magne Langåker (Pressefoto)