Det blei både kikke litt ekstra og kommentert litt ekstra i ferjesalongen på overfarten med avgang 0910 frå Sandvikvåg, fredag. Komne såpass langt mot nord at reisande såg både enden på Reksteren og vestover Bjørnafjorden kom nokre fugleflokkar imot. Særs godt synlege mot klår hausthimmel. Når dei fekk samla seg i ein rimeleg grei v-formasjon, var det ikkje lenger nokon tvil: – Eit trettitals grågås fauk mot sør 17.november. Ein sein syden-flight? Eller flytting frå snødett i innlandet til grøn mark i Austevoll?