Det ruslar mot jul og lys skal tennast, men enno går det eit par helga før me er i advent. Med julaftan på ein søndag, er det i år slik laga at alle adventsøndagane kjem i desember. Men det skal gå fint.
På side 270 i Band I av Stord bygdebok (1972) har Ola Høyland samla ordtak. Derfrå låner med denne buketten:
– Da va næme greier, sa guten, jento vart me’ badn.
– Da e alt på fram, sa ma’n, han datt håvestupa.
– Den ma’n e’ lagleg so samstava’ me’ meg.
– Ein ska ’kje stiga lenger enn staven røkke
– Han slipa ‘kje utan vatn, den kar’n. (Om ein som reknar seg god betaling.)
Nokre ord som alt i for 50 år sidan var på veg ut av stordamålet:
Avmjåkka = mjå, spe, spinkel.
Avunda – misunna
Beduftig =omstendeleg, vidløftig, trykkja godt om seg
Beflitta = gjera seg føre
Beina = tenesta (be om ei beina)