Juletreet som er kome på plass i Borggarden framfor Rådhuset, er i år henta frå privat givar i Sævarhagen. Eit velskapt og flott tre, av typen edelgran, blir det opplyst frå den grøne etat i kommunen. Laurdag ettermiddag skal lysa tennast. Som tradisjonen er, blir det det fakkeltog frå Amfi til samlinga ved Rådhuset der varaordførar Øyvind Kyvik «vrir på brytaren» og Frelsesarmeen held apell. Sagvåg Musikklag står for det musikalske. Og ja, det blir fellesgange rundt treet for små og store.