– Det er ei glede å løfta tilbodet fram ved å tildela prisen for Godt Tilgjenge.
Dette skriv Råd for menneske med nedsett funksjonsevne, som på møtet tidlegare denne veka vedtok å tildela Mental Helse Stord pris for godt tilgjenge 2023.
Slik lyd den gode grunngjeving: Mental Helse Stord driv på dugnad og tilbyr ei rekke aktivitetar som er opne for alle. Mellom anna har dei turgruppe kvar veke, sosiale samlingar for både vaksne og ungdommar og møtestad med matservering. Mental Helse Stord gjev eit inkluderande, variert og viktig tilbod for innbyggjarar på Stord.