På folkemøtet i Huglo Bygdehus i førkant av kommunevalet i haust, stilte bygdelaget, ved leiar Sigurd Huglen, to spørsmål til dei politiske utsendingane frå åtte parti. Det gjeld to punkt med stor betydning for øya:
- Vil den kommunale kaien på Sørhuglo bli oppgradert i 2024?
- Utføring av detaljreguleringsplanen for fastsambandet Huglo Tysnes, bygdelaget etterspør oppstart av dette arbeidet.
Møtelyden fekk oppløftande svar:
- Alle parti viste til at utbering av kommunekaien var i investeringsplanen for 2024, og vil bli utført. (Her kan leggjast til at i kommunedirektøren sitt framlegg, er kaivøla fjerne frå investeringsplanen)
- Alle parti lova oppstart av planarbeidet for fastsambandet i 2024.
– Me reknar med at dei folkevalte held det dei har lova, heiter det i oppfølgingsbrev frå Huglo Bygdelag, sendt ordførar og kommunedirektør.