Ein spesiell farkost har ei tid lege fortøydd utfor Leirvik AS sitt verftsområde i Aslaksvikjo. Og det kan enno bli ei tid å venta på avgjerda vidare tiltak, opplyser dagleg leirar i verksemda, Helge Gjøsæter, til stordront.no.
Han fortel at Leirvik har bygt fire slike oppdrettmerdar med skrog i aluminium. Inne i den ovale opning blir det hengt presenning slik at fisken veks i lukka merd. Frisk og lusefritt sjøvatnet blir pumpa opp frå 28 meters djupne. For tida ligg det to merdar av denne typen ved Utåker og ein i Hjelmeland i Rogaland.
– Merden som no ligg hjå oss hadde eit uhell i Fensfjorden og må reparerast. Firmaet bak konstruksjonen har i mellomtida gått konkurs og me må venta på avgjerd for vidare gjeremål frå bustyret, seier Gjøsæter.