Oppsitjarar i Skotlio meinte å ha gode grunnar for å be kommunen fella eit svært høgt tre i grannelaget deira. Treet stod på kommunal veggrunn og naboane hadde hatt sak gåande i tre år for å få det felt. I e-post til kommunen i sommar blei ankepunkta tekne opp att: – treet var ei sol-sperre, ein såg fare for rotvelt og straumleidningane gjekk gjennom bladverket. Oppsitjarane sakna respons frå kommunen.
For litt sidan vart oppsitjarønskje oppfylt. I god samarbeid mellom trefelle-ekspertane i Tre og Hage og mannskap frå tekniske tenester vart det kraftige lauvtreet teke ned bit for bit og «tomten» reinska. Stubben står att som eit minn