Stranda i stranda

Stranda i stranda på Nordhuglo. (Foto: Privat)

På denne årstida er ikkje uvanleg at breiflabb søkjer etter mat på grunnare vatn enn der han normalt held til på botnen. Det kan bli eit dårleg vegval for fisken, som det gjorde her om dagen i ei  strand på Nordhuglo.

– Tipset frå banebarnet gjekk ut på at ein stor fisk låg omtrent på tørra landet framom eit  naust inst i Huglavikjo. Me drog for å sjå og fann ein større breiflabb som rett og slett hadde stranda i stranda. På flod sjø hadde han lett kome seg over ein av to  lunnar  (stokkar til å dra båten på), og lagt seg til. Når sjøen «snudde» og gjekk mot fjæra, vart det ikkje nok vatn til at den store tunge breiflabben klarde flyta over stokken på returen. Han vart fanga mellom lunnane, fortel  Kjetil Aasheim  til Stordront.

Storfisken vart teken opp og hengt på vekta  – som stoppa på 45 kilo.