Særs skeptisk planarbeid for cruice- og ferjekai i Djupavikjo

Den nye posisjonen emnar på ny kai til cruisce-skip og kvinnheradferje i Djupavikjo – like utom blandeverket på Brattestø.

Til neste møte i  Stord formannskap har Trude Aamot (AP) meldt følgjande grunngjeve spørsmål til kommuneleiinga:

«Det som var presentert som den store saka i styringsplattforma til den nye posisjonen, er utbygging av kombinert cruisebåtkai og ferjekai i Djupavikjo. Basert på tidlegare utrekningar og faglege vurderingar av SVV er kostnaden berre med ny ferjekai, tilkomstvegar og tunell ca 1,2 mrd kr. Dagens regulerte ytre kai/molo, som Stord Frp har uttalt er altfor liten, er kostnadsrekna til ca 170 mnok. Det utanom tilkomstvegar og grunnavståing. Ny kai og tilførselsvegar på Halsnøy-sida vil truleg ha ein kostnad på om lag 4-500 mnok. Totalt snakkar me altså om eit prosjekt med ein pris opp mot 2 mrd. Ordføraren har vist til ferjeavløysingsordninga når han har blitt utfordra på finansiering. Med innkorting på 10-15 min totalt samanlikna med dagens overfartstid, vil likevel eventuell utbetaling frå denne ordninga vera ganske beskjeden. Dette er altså eit prosjekt som i all hovudsak vil måtta finansierast av kommunane og fylkeskommunen, noko som ut frå den økonomiske stoda og gjeldande politiske vedtak framstår som urealistisk. For Arbeidarpartiet framstår dette meir enn noko som eit luftslott. Og me er redd ein framover legg Spørsmål Interpellasjon og spørsmål (v. 22) – SKO0231-1160933 1 / 2 opp til å bruka tid og ressursar på noko som aldri vil bli noko av. Noko som vil vera spesielt uheldig no som me bør retta all merksemd mot å gjenoppretta balansen i budsjetta og førebu bygging av nye tiltrengte sjukeheimsplassar.

Eg vil på denne bakgrunnen stilla følgjande spørsmål om prosjektet: 1. Kva kvalitetssikring er gjort av prosjektet? Har ordføraren andre tal å visa til enn estimat ovanfor? 2. På kva måte er Vestland fylkeskommune involvert? 3. Kven ser ordføraren for seg at skal ta kostnaden som ikkje er dekka inn av ferjeavløysingsmidlar? 4. Kor mykje kommunale midlar er ordføraren og den nye posisjonen villige til å bruka på dette prosjektet? Kva andre investeringar er ein villig til å setja på vent/leggja vekk for å realisera dette? 5. Kva konsekvens vil dette prosjektet få for Sunnfast/kort ferjesamband via Huglo som kommunane fram til no har vore samde om som den framtidige beste løysinga for kommunane og regionen? 6. Kva vil ordføraren gjera for å avklara realismen i prosjektet før ein går vidare med å bruka tid og ressursar på planlegging?