– Lyd er ein viktig del av det universelle tilbodet, derfor må me bruka talarstolen når me ber om ordet også i dette forumet, sa Hilde Hildal Hauglid (SV) frå talarstolen i formannskapet onsdag.
– Det må det seiast eit klart ja til, repliserte varaordørar Øyvind Kyvik (H), som leia møtet.
Hauglid fekk hint undervegs i drøftingane om at meiningsvekslinga mellom tettsitjande politikarar ikkje nådde langt nok bak i salen, slik lyden skal bera i møte opne for publikum. Ho tok straks affære, og framover blir det betre tilhøve også på tilhøyrarplass når utvala samlast til debatt og saksbehandling, som i komande veke. Då blir det også budsjetthøyringar.