Grunna store mengder lauv som har samla seg i den skjerma gangvegen langs Vikabrekko (Skulebrekko, som vikabuen sa), er det fare for at regnet som er meldt vil finna seg nye vegar til sjøs. Dette fordi lauvet har fått høve til å tetta til halve kapasitet i rista som skal leia overvatnet på rett veg. Barnåler og lauv i mengder ligg forresten i gangeven like frå trafostasjonen på Vabakkjen ned mot Backertunet. Besøk av ein kraftig kostemaskin er sterkt ønskjeleg.