Foreslått fjerna frå investeringslista

Oppgradering av kommunekaien på Sørhuglo er foreslått teken ut av investeringane 2024. Kaien er stengt for bruk grunna dårleg tilstand. (Foto: Steinar Hystad)

«Det vert foreslått å ta ut nokre tidlegare vedtekne prosjekt. Dette er hovudsakleg prosjekt som Kommunedirektøren meiner ikkje er tilstrekkeleg opplyste i høve om dei let seg finansiere med tilstrekkeleg framtidige inntekter for å dekke kapitalutgiftene. Prosjekta må eventuelt vurderast på ny i samband med at det skal utarbeidast ny handlingsdel til hamneplanen.»

Sitatet er henta frå forslaget til budsjett for Stord hamnestell, som skal behandling i Utval for Byutvikling neste veke. Utvalet fungerer som styre for  hamnestellet.

Først på lista over tiltak som blir foreslegne fjerna frå komande års budsjett, står meir enn sårt trengt oppgradering av Tongaskjerskaien på Sørhuglo. I så dårleg stand at Hamnesjefen har stengt kaien for bruk. Tiltaket har/hadde ei løyving på totalt 4,1 millionar kroner i økonomiplanen. Dette etter politiske vedtak om oppgradering.

Nytt  kontor/lager-bygg for hamnestellet ved Teinevikjo i Leirvik står i økonomiplanen oppført med 8,5 millionar, men er fjerna i budsjettframlegget. Hamnestellet flytta tidlegare i år kontora frå Nattrutekaien til  «Dueslaget» på Eldøyane.

I budsjettforslaget har kommunedirektøren lagt opp til desse investeringane:

  • Ny brygge i småbåthamna. Delar av B-brygga i småbåthamna er i så dårleg stand at denne er tilrådd å skifta ut.
  • Cruisebrygge for tendring
  • «Dueslaget» – ferdigstille prosjektkontor for leigetakar
  • Forprosjekt for ny Kai 4 på Eldøyane .