Kva byggjer dei om?

Skiltet står i velkomstsona til Sandvikvåg  ferjekai. (Foto: Steinar Hystad)

Over tid har bilreisande over Sandvikvåg ferjekai blitt møtt av eit større gult skilt rett oppfor billettbuene,  med påskrift «Vi bygger om».  Sidan  det ikkje er byggjeaktivitet å sjå i området, og sidan skiltet har stått der såpass lenge, melde spørsmålet seg: – Men kva byggjer dei om?

Det skulle det visa seg å vera vanskeleg å finna svaret på. Stordront.no tok først kontakt med han me reknar som sikker kjelde i for det som skjer langs E39 over Stordøy. Ukjent for han og me vart vist vidare til mogleg kjelde to, og derfrå til mogleg kjelde tre, som tok jobben med å undersøkja nærare. Men nei, skiltet i Sandvikvåg var det ingen som kjende til, og dermed heller ikkje kva arbeid som skulle vore i gang.

Så, kanskje skiltet berre er  sett der i påvente av eitkvart?