Arbeidsløysa aukar ikkje i oktober

(Foto: Steinar Hystad)

NAV registrerer 0,9 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken i Sunnhordland i oktober. Det er ein nedgang på seks heilt ledige personar i høve førre månad og 14 færre enn same månad i fjor.

– Me følger utviklinga i arbeidsmarknaden tett. Tal permitterte viser óg ein nedgang frå september til oktober, men samstundes har me motteke nokre fleire varsel om permittering den siste tida. I fleire av situasjonane ser me at permitteringa ikkje vert iverksett. Stoda per i dag er likevel at arbeidsmarknaden held seg lik som førre månad, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Tilgangen til stillingar var høg gjennom heile 2022 og har halde seg høg men på eit noko lågare nivå so langt i 2023. I oktober registrerer NAV 255 ledige stillinger.

– Arbeidsmarknaden er framleis stram, men det er grunnlag for å følgje situasjonen tettare. Vår sterkaste oppmoding til verksemdene er å framleis rekruttere frå utanforskapen, og samstundes arbeide med å halde lengst mogleg på dei tilsette ein allereie har, seier Håvard Lægreid.

NAV-leiaren meiner mange verksemder i regionen er gode til å nytte NAV for å få tilgang til ønska kompetanse, og peiker på nye tiltak for å halde tilsette i jobb.

IA-pakka
I den aktuelle arbeidsmarknaden må verksemdene arbeide meir med faktorar som hindrar unødvendig gjenomstrøyming og tidleg avgang, meinar NAV-leiaren. 

– IA-avtalen set fokus på arbeidsmiljøarbeidet til verksemdene. Dette arbeidet er heilt avgjerande for både å halde på dei tilsette, men også i høve kva grad verksemdene er i stand til å inkludere menneske som elles står utanfor arbeidslivet, seier Håvard Lægreid

Nyleg har Idebanken lansert ei samleside som formidlar idear, erfaringar og resultat om IA-arbeidet, kalla IA-pakka. Lægreid trur fleire verksemder, også i Sunnhordland kan finne inspirasjon og hjelp her.  

– NAV kan ikkje å vere i kontakt med absolutt alle verksemder, heile tida, for å hjelpe av med behov i arbeidsmiljøarbeidet. For mange kan gode og tilgjengelege digitale verktøy vere akkurat det ein har behov for. Me har tru på at samlesida kan vere til hjelp for mange av verksemdene i regionen vår, seier Lægreid

Verksemder som ser dei likevel treng oppfølging frå NAV i arbeidet med sjukefråvær og arbeidsmiljø kan ta kontakt via arbeidsgjevartelefonen 55 55 33 36 eller kontaktskjema som ein finn på nav.no.