«The Botten Is Nådd» spelar opp

«The Botten Is Nådd» (f.v.): Jørn Olav Myhre, John Einar Olsen,  Rolf Martin Haldorsen, Jan Evald Kleppe  og Knut Birger Paulsen (Foto: Privat)

«Endeleg er dei attende på Osvald Pub. I ny tapning men med den same usøkte smaken for god og festleg musikk, kortreiset og berekraftige hits frå inn og utland. Sjølvsagt med lokal vri». Ja, dette står å lesa om kvintetten med godt røynde lokale musikarar som stiller på Osvald-scenen fredag kveld.  I melding til stordront bli det vidare opplyst at musikken er variert og svingar herleg godt, i sjangrar frå Abba til Steve Earle. Mykje zydeco-inspirert med trekkspelet langt fram i lydbiletet.

Altså. Berre å gleda seg.

NB: Til kvelden etter også – då  blir det blues med  rutinerte Tubesnakes  på Osvald.