Ungdomen snakkast oftaste lett og godt i lag, og difor var det skuleungdom som møtte yrkesungdom yrkesfagdagen i vestibyleområdet i Stord Kulturhuset tysdag føremiddag.
Til våren må dei som no går i tiande på ungdomsskulen ta eit val for den vidare arbeidsvegen. Skal det bli meir studiespesialisering eller eit yrkesfag. 25 verksemder frå regionen hadde stands og det var lærlingar frå desse som informerte om yrka dei no emnar på fagbrevet innan. Dei 350 tiandeklassingane som besøkte «messa» kom frå Fitjar, Tysnes, Austevoll og Stord. Ytre Sunnhordland opplæringskontor stod for arrangementet med øyremerka tilskot frå Fylkeskommunen.