For 14. året skal dei strikkande Lubbenissane minna oss om at: – Me blir aldri leie av å vera varme på beina. Men sjølv om haugen med bestillingar er stor, og det er travle tider på lubbefabrikken, må nissane unna seg litt leik og moro. I år har dei teke turen «til fjells» med storekjelken. Da går så da susa i bakkane under Stovegolvet…
I Ungdomshallen øvst i Borggata er det øving på gang for tida. Dei fem skodespelarane øver på replikkar og dansesteg og nye songar.
– 25. november går teppet opp for første av seks forestillingar, så det er berre tida og vegen, seier ein travel sjefslubbenisse, Bjørn Arve Lunde, som har skrive stykket.