Sunnhordland Kammerorkester med solistar

Solistar på kammerorkester-konserten i Nysæter Kyrkje (Foto: privat)

Laurdag 25.november kl. 18.00 vert det konsert i Nysæter kyrkje med Sunnhordland Kammerorkester. Som vanleg er det Lars Erik ter Jung som er dirigent, og publikum får høyre eit svært variert program.

Høgdepunktet på denne konserten er at to 18-år gamle solistar skal spele med orkesteret. Vilja Storesund og Eva Meyer Eide skal spele kvar sin sats fra to heilt ulike fiolinkonsertar. Begge har vakse opp i Sagvågsområdet, og går no på Musikklinja på Stord vidaregåande skule. Vilja skal spele 1. sats fra Joseph Haydns fiolinkonsert i G-dur, og Eva skal spele 1.sats fra Alexander Arutiunian sin fiolinkonsert.

Ellers på konserten vert det til dømes musikk av Piazzolla, Johan Svendsen og Alexander Rybak. Publikum får og høyre The Fiddlers, der den finske komponisten Rautavaara gjer skikkeleg narr av felespillere, skriv orkesteret i ei melding.