Etter ein lengre periode med svart bilete på den store ruteskjermen på ferjekaien i Sandvikvåg, er det for oss i køen igjen blitt godt høve til å orientera seg. Komen på plass i ventefila er eit kjapt augekast mot fargetavla det som skal til å vita neste avgang, den etter der og den etter der igjen. Tre i timen stor deler av døgeret, med av og pålessing av bilar i ekspressfart. Og med tunnelar i hundre på nordsida av Bjørnafjorden, er Bergen by komen i alle fall eit godt kvarter nærare…