Natt til søndag skal urverket svitsjast over på vintertid (vri ein time i revers, mot sommaren) og i stordront meiner me dette er eit framifrå høve til å ønskja ekstra god helg til vår aukande lesarskare. Blir ny klikk-rekord igjen i oktober! Ultralokalt nært-og-kjært-stoff ser ikkje ut til å ha gått av moten. Så takk for da!
Band I av Stord Bygdebok «Stord i gamal og ny tid» kom ut i 1972 med Ola Høyland som skrivar. Ei høgst triveleg bok å lesa i framleis, og stadig blar me opp til sidene med ordtak og fyndord og samlinga av «Ord som held på å forsvinna frå Stordamålet», (for 51 år sidan).
Her nokre gamle stor’a-ord med forklaring:
Akkedas = ordkast, trettast
Akkedering = tinging, forhandling
Alvskot = vond kul, også omtalt som tussabit
Ordtak og fyndord kunne gå som her:
Aust elde vest, heima e best.
Når den litle kjem te velde, e der korkje vet elde attehelde
Da var gale fysta, si’o vart da verre.
Ei kjapp smilesoge kan vera greitt å ta med inn i helga. Denne kjem frå ein skulestil: «Når far har ete middag, legg han seg på lur på sofaen…