No kan du parkera «vanleg» her

Dei tidlegare åtte ladepunkta på Vabakkjen er frå no av omgjort til vanlege parkeringsplassar. (Foto: Steinar Hystad)

– Goddag i kommunen. Parkeringsplassen på Vabakkjen har fått  12 nye ladepunkt. Kva skjer med dei åtte  «gamle» landepunkta, i si tid sett opp av kommunen. Fungerer dei? Og kva om ein «berre» parkerer  der? Har ikkje sett bilar på desse plassane på lang, lang tid.

Dette var innhaldet i e-posten stordront.no sende vegmynde i Stord, Anne Randi Naurstad, tysdag føremiddag. I retur kort tid etter, kom dette svaret:

– Hei. Avtalen med Charge365 er sagt opp frå og med i dag. Dei åtte laderane skal førebels dekkast til og etterkvart fjernast. 

Disse plassane kan difor no nyttast til parkering.