Mogleg å få kvite striper her?

Fortaua er lagt til rette for overgang – men dei kvite stripene manglar! (Foto: Steinar Hystad)

Vegen frå Rundkøyringa på Heiane næringsområde og ned til ferjekaien på Skjersholmane er sagt å vera ein «arm» av E39, og har vel dermed Staten og vegvesenet som eigar. Det er til eigaren me rettar eit spørsmål denne gongen. Det gjeld etterlysing av kvite striper i eit overgangsfelt. 

Mellom Fylkesnes Bil AS si Hyundai-avdeling og fortauet nedfor parkeringsplassen til  Kiwi og Sparkjøp, er det laga til for overgang med mellom ann nedsenka fortauskantar. Ved desse punkta står fotgjengarar og ventar på å koma seg trygt over hovudvegen, noko som kunne blitt ei sikker og god forflytting med  kvite striper over asfalten. Er det mogleg å få til?