Ny fulltreffar frå Stordabuen

Queen, sjølvskriven på repertoaret til Songlaget Stordabuen si framføring av «Rock og sånt». (Foto: Steinar Hystad)

Dirigent og den som arrangerer song og musikk for storkoret og orkester, Torleiv Agdestein, måtte i tenke- og lytteboksen då oppgåva for eit lite års tida sidan vart å plukka eit 20-tals låtar til haustkonserterte 2023 i Kulturhuset. Rock var tema, og der er det jo eit «storhav» å ta av.

– The Eagles sin legendariske «Hotel California» måtte med, det var eg sikker på. Og «Comfortably Numb» med Pink Floyd. For ikkje å snakka om svingande rockabilly frå 1950-åra. Qeen vart det ikkje mogleg å koma utanom. Og heller ikkje Metallica. Og så måtte me jo ha med noko norsk. DDE, Dum Dum Boys, Jahn Teigen, Åge Aleksandersen, Kaizers Orchestra. – Skriv dirigenten i programheftet til «Rock og Sånt», og fortel såleis kva for herleg blanding av stødige rockelåtar som blir borne fram at dei 70 røysteføre i Songlaget Stordabuen. Alt til musikalsk støtte frå eit  fantastisk godt band: Ståle Tesdal, Åge Ottesen, Severin Vik og Torbjørn Agdestein.

Solgulls Platebar er igjen aktuell, med Solgull Rennemo bak disken, sjølvsagt. (Foto: Steinar Hystad)

Sjeldan har det vel vore klappa så jamt, under framføring og med jubelklapp i etterkant gjennom to samfulle timar som på premieren laurdag kveld. Med  mykje rock og mykje sånt. Solistar på rekkje og rad og hyggjeprat innimellom – og eit nostalgisk møte med Solgulls Platebar.

Og som i koret, var det i salen ei herleg blanding av folk «i alle aldrar». Så har då også rock i alle sine variasjonar vore populærmusikken vår i snart 80 år. Gled deg, du som har sikra deg billett.