Flaumande vatn har me sakta sett på deler av fortauet ved Bandadalsplassen sentralt i Leirvik by, men tysdag kveld var det så store mengder at vaktmannskapet på den kommunale vatn- og avløpsfronten vart kontakta. Etaten undersøkte, og kom tilbake til stordront.no med melding om at «fenomentet» er kjent.
– Etter store nedbørmengder, slik det har falle over øya siste dagane, er røyrane som skal føra vatnet til sjøs i minste laget. Deler av overvatnet pressar seg opp i dagen og finn sin eigen veg til havs. Under gangvegen over Bandadalsplassen er det eit slikt punkt. «Vanleg» leidningsbrot er det ikkje, blir det opplyst.