Maritim feststund med Vatle om «Lehmkuhl»

Haakon Vatle er direktør for stiftinga som driftar «Statsråd Lehmkuhl». (Foto: Steinar Hystad)

– Omgrepet dei sju hav gjev ikkje det heilt rette biletet av klodetilhøva. For eigentleg har me eitt einaste hav, og det er stort og tilstanden i  sjøen er ikkje den beste ein del stader. Det veit me etter granskingane  som vart utført på den 22 månader langs jordomseglinga med  «Statsraad Lehmkuhl». Men alle andre sider av seglasen vart ein suksess, sa ein drivande god  kåsør , Håkon Vatle, til ein fullsette sal på Stord Maritime Museum tysdag kveld.  Det vart ei maritim feststund.

Stordabuen mønstra på selgskuta som dekksgut i 1990. No er han direktør for stiftinga som driftar skipet og var toktleiar for  One Ocean Exspedition. Gjennom sine fartsår som skuleskip hadde  «Statsraaden»  tre kapteinar frå Stord og var tidlegare  år fast gjest på Vikafle eller ved kai i Leirvik hamn.  Ein båt med mange vener på øya, altså.

Fullsett sal lytta med stor interesse til kåseriet om «Statsraad Lehmkuhl» si jordomsegling. (Foto: Steinar Hystad)

Førebunga til jordomseglinga tok fem arbeidskrevjande år. Å skaffa millionane som trongst var ei heil utfordring, hundreogniåringen skulle riggast for forsking og til å bli ein viktig venskapsband-knytar  world vide. Den sosiale delen av reisa, der mange ukjende vart spleisa saman som hengekøyenabo på banjeren, eller i taudraginga, eller seglheis høgt i masta eller i dansen på dekk – vart ein rein maktdemonstrasjon på korleis  venskap kan skapast på tvers av alle typar skiljeliner. På kort tid, ikkje minst.

Det vitskaplege utbyttet av langturen vart svært godt og har gitt grunnlag for havkonferansar  i  inn- og utland.  Nye tokt til andre stader kor seglfarty flyte kan, er under planlegging, røpa direktør Vatle. Også viden kjend som shanty-songar.