«Med hjartet på rette staden»

Tunnelen har så absolutt hjarta på rette staden… (Foto: Steinar Hystad)

Skal me tru den  evigvarande engelske  TV-serien, og det er det mange som gjer, så hadde dei i alle fall hjarta på rett plass i byen Aidensfield  for nokre tiår sidan. «Med hjarta på rette staden» har mange vener og har igjen fått sendetid på høvande kveldstid  på NRK2.

Noko særskilt gjer det med oss, dette hjartesymbolet.  Det kan godt vera laga i stein, ein mjuknar uansett. Du møter på ei steintøff hjarteleg helsing om du går «ront Landåsen»  med start frå Vabakkjen mot vatnet. Følg med når du kjem til tunnelen under E39 i  Lønningsdalen.