Ei hjortekolle med kalv har vore til plage for hageeigarar i området Dyvik, Utslettefjellet og Rukjen i Sagvåg bydel. I søknad til Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor om skadefellingsløyve, blir det vist til at dyra raserer frukttre, grønsaker og nytteplanter. Vandringsmønsteret til hjortane kryssar fylkesvegen og har forårsaka nestenulukker.
Med bakgrunn i viltforskrifta og naturmangfaldlova, har landbruks- og miljøkontoret svart nei til fellingsløyve. I staden blir det vist til pågåande hjortejakt i kommunen og Stord hjortedvald sine rettar til jaktfelt ved Dyvik. – Me rår til at de tar kontakt med hjortevaldet for å få hjelp med problemdyra, heiter det i avslaget frå kommunen.