13 utstillarar blir med og dermed kan det aktive Huglo Bygdekvinnelag garantera variert og godt vareutval når det blir invitert til årets haustmesse/marknad i gamle skulehuset. Bygget er omdøypt til Huglo Bygdahus og det er i gymnastikksalen det blir rigga til messe laurdag 21. oktober (frå 1200 til 1500). Bygdekvinnelaget tipsar om både markens grøde og julegåveidear på marknadsborda. Som vanen er på den gilde øya når godtfolk samlast, blir det lagt opp til kafè med god bakst og drikke. . – Ta turen, og hugsa: – ferja over Nuen er gratis å bruka.