Spesiell fangst 2: Laaang lange

Håkon Førland Vika med storfangsten (Foto: Privat)

Det blei ei hektisk stund på fiskefeltet utfor Sørhuglo, for 13 åringen Håkon  Førland Vika måndag i haustferieveka.  Han har fisking som kjær hobby og satsa på  lang lange nede på 150 meters djup.  Og der beit det noko skikkeleg stort på. 

Både tid og krefter måtte brukast for å få fangsten opp, i alle fall til fisken var komen så høgt at han «bles seg opp og flotna av seg sjølve». Då opna den lange langa  også munnen, slapp kroken – og flaut som ein ballong ved sida av båten.  Med klepp og nye krefter vart fisken dregen om bord i båten og målt til ein og ein halv meter i lengde og ca. 20 kilo tung.

Mykje god middagsmat er kome på plass i frysaren, blir det meldt.