Spesiell fangst 1:  Blå hummar

Truleg har hohummaren ete mykje blåskjel. (Foto: Privat)

I røynda er dette ein dobbelt spesiell fangst.  For det første har hohummaren blå farge på  skalet, der dei aller fleste andre i denne skaldyrfamilien er svarte.  For det andre har fiskaren fått den blå hummaren i same teina to gonger. Begge gonger sett korrekt uti  igjen fordi ho’a er full i rogn. Då er regelen  om utisetting klar.  På eksperthald blir det sagt at hummaren kan få  endra ytre farge av maten ho/han et. Står til dømes blåskjel ofte på menyen, kan det resultera i  blått skal.

På spørsmål om fangsten elles i haust, er tilbakemeldinga at det er bra med «kardinalar» å få.  Og kanskje  noko over normalen med rognhummar, som lovar godt for bestanden og framtida.