Boklansering med Jan Rabben:
«Fuglar og dyr rundt huset i skogen»

Ein dompap i frå skogen på Tveita. (Foto: Jan Rabben)

Torsdag 12. oktober kl. 19.00 blir det lansering av Jan Rabben si nye bok, «Fuglar og dyr rundt huset i skogen», på Stord folkebibliotek. Boka er full av små historier, naturkunnskap og ikkje minst spektakulære bilete – som har fått god plass. Alle bileta er tekne i nærleiken av huset på Søre Tveita og viser at me skal ikkje langt for å få store naturopplevingar.

I dette fotoføredraget vil naturfotograf Jan Rabben fortelja om fuglane, dyra og korleis bileta av dei vart tekne – og arbeidet med boka.

Boka er til sals etter arrangementet.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Stord fotoklubb, Birdlife Norge Sunnhordland, Naturvernforbundet på Stord, Folkeakademiet Stord og Stord folkebibliotek.