Laurdag gjennomførte sju fridykkarar frå Stord Undervannsklubb ryddeaksjon på botnen i Leirvik Gjestehamn. I tillegg til dykkarane som var i sjøen, stod ein god gjeng klar på land for å ta imot fangsten som kom opp.
– Me fant blant anna mobil, handlevogn, mange flasker, bildekk, sparkesykkel, plastbestikk, skateboard og mykje anna, melder klubben på heimesida si. Her vert det sendt takk til Ragn-Sells AS for containeren og til Redningsselskapet Stord for hjelp med sikkerhetsbåt.
«Ta bare bilder, etterlat bare bobler» er eit gamalt dykke-ordtak, som er meir aktuelt enn nokon gang, skriv klubben i oppsummeringa.