Med fem mot fire røyster (H, Frp og Krf) vedtok Stord formannskap å senda forslag frå Kathrine Ankervol (Ap) om støtte til utvikling av Sagvåg, til endeleg vedtak i kommunestyret. Framlegget kom opp i samband med behandling av andre tertialrapport for 2023 og lyd konkret:
«Kommunestyret løyver kr 300 000,- frå Stord kommunale utviklingsfond til å utarbeida ein strategi for utvikling av Sagvåg sentrum og hamn. Arbeidet skal organiserast på tilsvarande måte som Byromsstrategien/Strategi for utvikling av indre Lerivik hamn.»