TILBAKEBLIKK: Her er me tilbake i oktober 1982. Det var laga veg-gjennomslag mellom bustadfelta Hadlabrekko og Orrebrotet, men gjennomkøyring slik i det daglege var det ikkje lagt opp til. Den korte tida passasjen var open, førte til fleire klagar på unødvendig køyring. Før låsbar bom blei montert, vart det funne bruksområde for fire store granittsteinar kommunen hadde henta på Huglo, med tanke på bruk i kyrkjegardsmur. Til det føremålet vart steinane vraka, men gjorde godt nytte som vegstengarar.