– No er lysa frå Nysæter til Hustrudalen i den såkalla Steinabrekko ordna! Der er rådgjevar for idrett og friluftsliv i Stord kommune, Sylve Rusten, som melder dette i ein epost til stordront.no.
– Det var kondens i lampane – og vatn og straum er ingen god kombinasjon. All ros til Teca for godt og flott arbeid. Elles har Fagne vore å sjekka lysa i Landåsen og rundt Ådlandsvatnet, så no kan turgåarane sjå lyset i haustmyrket!
Han oppmodar også folk å melda frå om det framleis er mørke punkt.
– Det gjer du enklast på Haugaland Kraft sine heimesider.