Behagelege  fartsdemparar…

Me registrerer nye fartsdumpar  over Saghaugen. (Foto: Steinar Hystad)

Alltid kjekt å henta fram plussprotokollen for innføring av gode hendingar til gode føremål. I dag går såleis rosen til ansvarlege for  vegen over Saghaugen, der det i seinare tid er koma på plass nye og behageleg fartsdemparar.  Behagelege i den tyding at ein ikkje  fyk til vers i bilseta ved passering.  Med til denne soga høyrer at det ikkje er så alt for lenge sidan  nye og betre «humpar»  vart etterlyst på strekningen.