Stord sogelag og Sunnhordland museum vil saman med Sunnhordland botaniske forening, Geopark Sunnhordland, Naturvernforbundet og Os sogelag skipe til eit seminar om den mangfaldige og unike floraen i Sunnhordland , onsdag 18. oktober.
Fleire, både fagfolk tilknytta institusjonar og lekfolk, sjølvlærde og kunnskapsrike, har gjennom fleire århundre gjort ein stor innsats for å dokumentere og vekke interesse for vår særmerkte og rike flora. På seminaret vil ein få anledning til å bli betre kjent med nokre av desse, samt både og sjå og høyre meir om botanikken i nærområdet vårt.
PROGRAM:
15:00 – 15:30
Innleiing og velkomen ved Kjellbjørg Lunde, Stord Sogelag
«Geologi, jordsmonn og flora», Brynjar Stautland, Geopark Sunnhordland,
«Klosterplanter», Helén Petersen, avdelingsleiar Halsnøy Kloster, Sunnhordland museum
15:30 – 16:15
«Naturen i Sunnhordlanden. Ein oase av sjeldne arter og naturtyper», Per Fadnes (biolog/ emeritus HVL), Sunnhordland botaniske forening.
16:30 – 17:15
«Amatørbotanikaren Olaf Hanssen», Øyvind Tøsdal, Os sogelag
17:30 – 18:00
«Kirsten Sørheim: Floraen på Stord», Bjørn Sørheim
18:00 – 18:30
Tidlegare botanikarar frå Stord offentlige lærerskole; Askell Røskeland og Jon Gjerstad. Per Fadnes (biolog/ emeritus HVL), Sunnhordland botaniske forening.
18:15 – 19:00
«Ville blomar i Sunnhordland», Jan Rabben, naturfotograf, Naturvernforbundet.
19:00 – 20:00
Oppsummering og diskusjon, leia av Stord Sogelag.
Utstilling av Kirsten Sørheim sitt herbarium og gamle skuleplansjar (flora), frå Sunnhordland museum sine samlingar.
Pris: 150,- (inkludert kaffi/ te og enkel servering)