Godt kårings-sjå for værlam

Tor Atle Sørheim, Stord, sitt rygjalam vart kåra til «best in show» og fekk kvit sløyfe. Tor Jansen, Stord, sitt værlam i klassen norsk kvit sau (NKS) tok med raud sløyfe andreplassen medan tredjeplassen og blå sløyfe gjekk til Sørheim, som måtte ha haldehjelp frå Nils Rønnane under presentasjonen. (Foto: Theodor Gravdal)

Det som før var store saue-sjå er grunna nytt regelverk og restriksjonar blitt til reine kåringssjå for værlam. Ridehallen på Tyse var arena då 123 værlam frå Stord, Fitjar og Bømlo stilte til kåring torsdag i veka som var. Det er snakk om årslam, som skal i «produksjon»  når det lid litt lenger på hausten.

– God kvalitet på dyra som stilte og fekk sine utmerkinga frå tilreisande domarpanel. I næringa ser me det som eit stort pluss at så mange som 11 rasar var representerte på sjået denne gongen. Det er rekord og lovar godt  for framtida for sauen, seier Tor Atle Sørheim i  Stord Sau og geit. Det vart mellom andre mønstra villsau, rygjasau, gamal norsk spælsau, farga spælsau, men flest av norsk kvit sau.