– Æsj, til hundebæsj i Parken

Ikkje greitt når det ligg slike klumpar i leikeparken (Foto: Privat)

Ei ny påminning at ein bør plukke opp hundebæsjen:

– I dag låg det masse skit langs vegen til Vidsteenparken. Det var mange barn der denne tysdagen, både frå barnehage og skule og det var fleire som trakka i bæsjen.

– Me vil ikkje ha det sånn. Det er ekkelt. Så vær så snill, kjære hundeeigar; plukk opp bæsjen, lyd den klare oppmoding frå brukarane av den populære utfartsstaden på toppen av Leirvik.