God besøkssommar på Stovegolvet

700 hadde til ein viss dato i juli i år, skrive seg inn i manntalet på Stovegolvet.. (Faksimile: Sti og Varde)

– Om me ser talet hyttebesøk  i Bergen og Hordaland  Turlag under eitt i år, er det gått opp med 64 prosent på hyttebesøk og 58 prosent på overnattingar, samanlikna med same dato i fjor. Auken skuldast i stor grad dei to nye hyttene Rongevær, med ca 2000 besøk og Stovegolvet med 700 namn i protokollen.  Felles for desse hyttene er at dei opna og kom i drift i fjor sommar, melder Sti og Varde – medlemsmagasinet for turlaget i fylket.